Denne artikkelen er hentet fra: Tårnagenthelg.no
Adressen til artikkelen er: http://www.tarnagenthelg.no/index.php?kat_id=951&art_id=2798

Agentsprell

  Forslag til ulike agentsprell

 

Stå med beina litt frå kvarandre og ein liten knekk i knea. Løft skuldrene heilt opp til øyra, og hald dei der i 5 sekund før du lar skuldrane falle ned. Gjenta 2 gonger. Så rullar du skuldrane roleg bakover før du fell roleg framover slik at du står bøygd med hendene hengjande ned mot bakken/beina. Reis deg roleg opp igjen ved å rulle ryggvirvel for ryggvirvel. Plasser til slutt hovudet på toppen, og rull skuldrane bakover før du pustar høgt og djupt inn og ut éin gong.

Ein leiar må leie strekken ved å stå framme og vise, samstundes som han/ho instruerer roleg (etter idé frå Liturgisk verkstad med born. Kfuk/kfum).

 

Mål: Få eit kort avbrekk, løyse opp stemninga, riste laus.

Ein leiar står framme og instruerer. Spør om nokon veit kva Gloria betyr (Ære være Gud eller Takk, Gud).

Alternativ 1: Alle bøyer seg ned, med hendene hengjande ned mot golvet. Så tek alle til med å riste med armane og småspringe på staden medan dei ropar «Glooooooo-ria!» Når ein kjem til «-ria», sprett alle opp med hendene opp mot himmelen/taket.

 

Alternativ 2: Alle står med hendene ned, men kroppen vanleg/opp. Så tek alle til å riste med armane medan dei ropar «Glooooooo-ria!» Når ein kjem til «-ria», slengjer dei som står til venstre, armane opp mot taket, dei som står til høgre for dei slengjer armane opp rett etter, og så slengjer dei til høgre for dei igjen armane opp, osb. Når denne rørsla blir gjort raskt, ser det ut som ei bølgje som reiser seg bortover mot høgre (etter idé frå Liturgisk verkstad med born. Kfuk/kfum).